Karl Johan Hallaråker

Snart er han pensjonist

– Men Herren tek ikkje bort utrustinga og kompetansen min med det, seier Karl Johan Hallaråker.

To år har gått sidan han takka av som generalsekretær. Eit av måla den gong var fleire frukostar med kona Anne-Marie.
– Og det har det blitt, seier han nøgd.

– Kvar dag?
– Nei, men eg lova ikkje kvar dag heller, seier han og ler.

Frukostane har då heller ikkje vore så vanskeleg å gløyme ut, for frukostlovnaden har han vorte minne om frå mange hald.
– Ja, me har smilt litt av det, Anne-Marie og eg, at det er denne vesle setninga i avskjedsintervjuet for to år sidan folk hengde seg opp i.

– Men i dag er eg mest oppteken av å seia varm takk til misjonsfolket for dei 28 åra eg fekk tena i Indremisjonsforbundet. Så håpar eg dei vil tilgje alt eg ikkje strakk til med.

Heilt fri
1. september vert det enda betre tid. Då ventar pensjonistlivet og då tar han fri. Heilt fri. I fire månadar.
– Desse fire månadane skal skjermast og for det meste brukast privat, seier han. Då skal mellom anna heimekontoret ryddast og papir skal arkiverast.

–  Eg er elles ganske trygg på at Anne Marie har ei god liste over ting som treng utrettast, seier han lurt.
– Dessutan håpar eg å bruka meir tid på barn og barnebarn.

For sjølv om dei to siste åra har vore mildare enn generalsekretær-livet, har timeplanen vore godt metta. Forkynnartenesta har fått større rom, særleg bibelundervisninga. Dessutan har det blitt rom for to bøker, ei om politikk – og ei truslære. Særleg den siste har sett sine spor.

– Eg har arbeidd med dogmatikk og truslære heile mitt vaksne liv. Då eg slutta som general-
sekretær var det difor eit ynskje både for eigen del og frå andre, at noko av det eg har undervist om kunne samlast i ei bok, seier Hallaråker.

Langt svangerskap
«Vi tror sammen» er tittelen boka har fått, med undertittelen «en helhetlig framstilling av den kristne tro til studium og samtale». Nærare 300 sider har det blitt, der dei fleste tema som høyrer med i ei dogmatikk-bok er tatt med. I tillegg er det funne rom for nokre aktualiseringar i etiske spørsmål, og om Israel.

Men det har vore ein lang prosess for boka bygger på eit kompendium som vart utforma heilt tilbake i Staffeldtsgate-tida.
– Det kjennes litt som å komma i mål etter en maraton. Det er annleis enn for andre bøker eg har skrive, men ei truslære skal også vara lengre enn andre bøker, seier Hallaråker som har eit sterkt ynskje om at boka vert tatt i bruk lokalt.

– Den kan brukast i bibelskulen, blant studentar, i forsamlinga og kyrkjelydar, i bibelgrupper og smågrupper, og til personleg bruk, ja stort sett der ein ynskjer, seier Hallaråker, og viser til eige studieopplegg godkjent av Studierådet som ein del av boka.

Studiebok
Men den som ventar ei oppslagsbok med alle ferdige svara, vert skuffa. For som Johannes Kleppa skriv i sin omtale av boka: «Nokre vil kanskje stussa på at boka ikkje er meir kategorisk på enkelte punkt, men er orienterande og resonnerande». Den tilbakemeldinga fell i god jord hos forfattaren.

– Eg trur det er ein meir langsiktig strategi å gi folk premissane og hjelpa dei til å resonnera seg fram til ein konklusjon. Det vil også væra det beste motsvaret til den postmoderne subjektivismen som me finn i samfunnet.
– Å utvikle eit propaganda-apparat som presenterer dei rette sanningane, er kortsiktig, seier Hallaråker.

– Samtidig som eg er underlagt trua sitt paradoks og openberring, skal eg få kombinere dette med intellektuell reieleg tenking.

For alle
 – «…boka kan seiast å vera uttrykk for hans åndelege fotspor i indremisjonen», skriv bokmeldaren. Kjenner du deg igjen i dette?
– Ja, men det er ikkje ei intern bok berre for ImF. Eg trur den har sin verdi langt utover vår samanheng både kyrkjeleg og ekumenisk, men den som les vil ikkje bli overraska over å finna ei luthersk forankring, seier Hallaråker.

– Det er mi personlege bok, ikkje ei bok som presenterer ImF si lære. Her har eg brukt all erfaring eg har tilegna meg, både som prest, teolog, bibellærar, rektor, generalsekretær, forkynnar og sjelesørgjar.

– Det er ei bok du har gått svanger med i lang tid. Korleis veit du då at du er ferdig?
– Nei, på mange måtar blir ein ikkje ferdig, seier Hallaråker med eit smil, og fortel om prosessen fram til det endelege resultatet der ei av dei vanskelege oppgåvene har vore avgrensingas kunst.

– Du veit, boka kunne sikkert vore dobbelt så lang, seier han.
– Det er akkurat som på talarstolen. Tenåringen som skal vitna for fyrste gong, skrapar saman det han greier og lurer på kor mange minutt han greier å få til. Den erfarne emissæren strevar med kor mange kvarter han greier å kutta ned.

Undervisning
Men utfyllande kommentarar vert det likevel god råd med, for mykje av undervisninga Hallaråker har hatt i sine bibelhelger dei siste åra, har vore kring tematikken i boka. Det blir det også framover. For når hausten går mot jul og dei fire månadane med fri er omme, vaknar forkynnaren til liv att. For pensjonistlivet betyr ikkje at han pensjonerer seg frå talarstolen.

– Nei, det vil vera i strid med heile vårt ideal som lekmannsrørsle dersom me knytte tenesta vår til ei formell stilling og ikkje til utrustning og kompetanse. Då innfører me ein ny form for embetstenking som er heilt framand for lekmannsarven, seier Hallaråker.
Fleire oppdrag er allereie på plass, andre er venta. Men det vert ikkje på fulltid. Som pensjonist har han større fridom til å velja og til å styra tida si. Der står familien øvst oppe framover.

Politiske val
Dessutan treng han noko tid til å dyrka ei anna interesse: politikken. I dag er han lokallagsleiar i Bergen Vest KrF og nestleiar i Bergen KrF. Men listeplass til haustens val, har han takka nei til.
– Til nå har mitt viktigaste bidrag vore på landsplan, så eg er roleg for å ikkje stille til val for bystyret i Bergen.

Kva framtida vil bringe er han derimot meir uklar om.
– Eg trur eg vel å seia det slik: tida framover vil avklare mi framtidige rolle.

Karl Johan Hallaråker

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.