Om tenestedeling i Sambåndet

Det er berre i leiaren meininga til Sambåndet kjem fram, og der har me full rett til å vera usamde med folk som kommenterer eller blir intervjua i bladet elles. Poenget er at det eine ikkje utelukkar det andre.

Sambåndet set i dette nummeret søkelys på det andre av to dokument frå ImFs Hyrderåd i fjor, «Veiledning fra ImF om menn og kvinners tjeneste». På reportasjeplass lar me tidlegare generalsekretær i Normisjon, Rolf Kjøde, koma med kritiske merknader til innhaldet i dokumentet. I ImF-forsamlinga Fredheim i Sandnes har fleire medlemmer arbeidd for at kvinner skal kunna gå inn i eldstetenesta, noko som er i direkte strid med dokumentet. Me lar også synspunkta deira koma fram i bladet.

Dette gjer me for å få fram det også dokumentet sjølv peikar på – at det er «ulike syn på dette blant våre medlemmer». Nettopp derfor er det viktig å gi desse synspunkta rom. Ingenting skapar mindre tillit i ein organisasjon enn når vanskelege ting blir skubba under teppet. At Kjøde meiner Hyrderådet både tolkar bibeltekstar feil og er nær ved å innføra ei bedehusframand «embetstenking», kan vera vanskeleg å fordøya for dei som har arbeidd med dokumentet i to år. Men når ein tenkjer nærare etter, er det alltid verdifullt å få brynt seg på andre sine meiningar. Som òg generalsekretær Erik Furnes i ImF seier om eitt av punkta til Kjøde: «Så er vi åpne på at dokumentet bør endres dersom det legges gode argument til grunn for det».

Reportasjeplass er ein ting, leiarplass noko anna. Grunnane til at me har henta inn kommentarar til dokumentet, er dei som kjem fram ovanfor, ikkje at me er ueinig i det ImFs Hyrderåd skriv. Det er berre i leiaren meininga til Sambåndet kjem fram, og der har me full rett til å vera usamde med folk som kommenterer eller blir intervjua i bladet elles. Poenget er at det eine ikkje utelukkar det andre.

I dette tilfellet ser me heilt klart at det var eit behov for å laga eit slikt dokument – og det av minst to grunnar: På fleire bedehus byggjer ein forsamlingar med hyrde- eller eldsteråd, og då er det viktig å leggja til rette for prinsipiell tenking på bibelsk grunnlag. Dernest har det i seinare tid vore amerikainspirerte tendensar til å så tvil om kvinner skal kunna tala Guds ord på lik linje med menn. Dokumentet er heilt klart på at det kan dei i ImF – ja, det nyoppretta kvinneforumet skal nettopp byggja opp om mellom anna kvinnelege forkynnarar. Det er berre dei få stillingane som har ein særskilt lære- og tilsynsfunksjon, Hyrderådet i ImF ser er avgrensa til menn. Difor er det eit siktemål med dokumentet å få eigna menn til å ta dette ansvaret, ikkje at kvinner skal mista frimotet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.