Sidebytte

– Her er mykje godt og mange nye tonar, og heldigvis ikkje noko kampskrift. Men dokumentet er farleg nær å innføra ei embetstenking som er framand for bedehuset, seier Rolf Kjøde.

Den tidlegare Normisjons-generalen og Bildøy-læraren sit i kantina på sin nye arbeidsplass på NLA og blar seg ivrig nedover notata sine. På oppdrag frå Sambåndet skal han gi si tilbakemelding på dokumentet «Veiledning fra ImF om menn og kvinners tjeneste» frå ImFs hyrde- og læreråd.

Han kjenner både tematikken og landskapet godt. Sjølv har han vore på ei lengre studereise i Skrifta før han landa på ei anna forståing av bibelorda enn det ImFs praksis gjer.

– Så kva vil du ha fyrst, mine kommentarar eller helst vita korleis eg hamna i «villfaringa», seier han og ler.

Tydeleg rettleiing.
Me startar med dokumentet, og Kjøde har mykje godt å seia både om innhaldet og tonen det er forfatta i.

– Det er ein heilt anna måte å tilnærma seg tematikken på enn tidlegera skriv. Dokumentet er tydeleg i si rettleiing, men samtidig audmjukt i møte med den praktiske kvardagen. Det gir stor fridom når det gjeld den praktiske tilrettelegginga, seier Kjøde.

– Dokumentet er også svært tydeleg på at spørsmålet handlar om at mann og kvinne skal innordna seg kvarandre, ikkje at mannen skal overordna seg. Det har i staden eit sterkt ynskje om å ansvarleggjera mannen. Her er eg heilt på linje med ImF. Mann og kvinne er eit team, seier Kjøde, som også var direkte overraska over enkelte av punkta i dokumentet.

– Dokumentet set ingen grenser for kven som kan forretta nattverd. Det er nytt samanlikna med tidlegare dokument, men dette viser vel kor framand ImF er for den økumeniske debatten som nettopp handlar om embetet og sakramentsforvalting, seier han.

– Vil du gå så langt som å seia at det vert for romsleg?

– Nei. Det er tydeleg på kva organisasjonen si linje er. ImF har sin ståstad, men det vert likevel utøvd respekt for dei som måtte meine annleis. Det er ikkje lenger eit såkalla «vannskille-spørsmål», og det er lang veg til biskop Bo Giertz sine utsegn om at «kvinneprestspørsmålet er den store testfrågan», seier Rolf Kjøde og peikar på den klart viktigaste intensjonen i dokumentet:

– ImF  viser stor vilje til å lytta til Guds ord og eit ynskje om la seg binda av det. Ei slik haldning likar eg, seier Rolf Kjøde.

Nytt embete.
Men ikkje alle strekar han har sett i margen, er like positive. For dokumentet har to store hovudproblem, ifølge Rolf Kjøde. Det ber med seg ei tenking som er i konflikt med indremisjonen sin klassiske tanke om det såkalla «allmenne prestedømet». Dessutan meiner han at det fleire stader er gjort eit for dårleg tekstarbeid.

– Når det gjeld embetet; på side 4 står det at Jesus hadde «anledning til å velge ut 6 kvinner og 6 menn som apostler». Når han så ikkje gjorde dette, vert det i dokumentet tatt til inntekt for eit syn som seier at leiarane skal vera menn. «Men Jesus gjorde ikke det. Hvem kan si at Jesus ikke hadde mot nok til å gjøre det han mente var rett?», argumenteres det, men det var jo mange ting Jesus ikkje gjorde som han heilt klart hadde mot til å gjera? Han snakka for eksempel ikkje om at jorda sirkla rundt sola, men det var ikkje mangel på mot som hindra han, problematiserer Kjøde.

Han meiner difor at argumentet om «mot» er lite haldbart, for Jesus gjorde mange val basert på den tida han levde i.

– Denne måten å argumentera på, at Jesus valde menn, difor gjer me det óg, er farleg nær måten den katolske kyrkja lagar ei apostellinje for sine biskopar og pavar som går heilt tilbake til læresveinane. Då står me i fare for å innføra eit embete som lekmannsrørsla aldri har hatt behov for i si tenking om det «allmenne prestedøme», poengterer Kjøde.

Nådegåver.
Denne embetstenkinga vert forsterka nokre sider lengre ut i dokumentet der ImF  skriv at dei «vil tone ned debatten om det er spesifikke nådegaver som bare menn blir utrustet med (for eksempel hyrdegaven).» Dei ynskjer heller eit fokus på «at NT omtaler en funksjon/rolle som gis av den kristne forsamling på tvers av ulike nådegaver».

– Men skal me følgja denne linja – å ta ned vekta på nådegåveutrustinga – må me tenkja utanom det allmenne prestedømet og flytta oss over i tanken om eit embete, for å få det til å gå i hop. Og det utfordrar vår tradisjonelle tenking som lekfolk, resonnerer Rolf Kjøde.

Tilsynsfunksjon.
Tanken om embete er også svakt når dokumentet skal trekke linjene opp mot samarbeid med kvinnelege prestar og pastorar i andre samanhengar. Ja, ikkje berre svakt, dokumentet har ei upresis forståing av ordinasjonen i Den norske kyrkja når det seier at «Den norske kirke ved sin ordinasjon definerer prester uansett som tilsynsmenn», ifølge Kjøde.

– Det er biskopane, ikkje prestane, som har eit tilsynsansvar. Ordinasjonen handlar ikkje om tilsyn, men er retta inn mot embetet og dets forvaltning av ordet og sakramenta. Striden i den lutherske kyrkje internasjonalt står difor om kvinners moglegheit til å ha del i den instituerte tenesta med å forkynna og om retten til å forvalta sakramenta. Men ImF har gitt kvinnene full fridom både til å forkynna og til å forvalta sakramenta. Dei går dermed lengre enn kvinneprestmotstandarar både i den lutherske kyrkja og alle andre kyrkjer. Det er difor ei unødvendig  forståing av ordinasjonen som ligger til grunn for argumentet om å unngå samarbeid med kvinnelege prestar, meiner Rolf Kjøde.

Tekst og kontekst.
Det andre store ankepunktet hans er tekstarbeidet.

– Det er prisverdig at ImF har eit ynskje om å stå på Guds ord, men altfor ofte i dette dokumentet unnlet dei å spørja om kva tekstane eigentleg svarer på, seier han.

Eit av eksempla han dreg fram, er 1. Kor 14,31 der kvinnene ikkje får lov å tala, men skal «spørja mennene sine heime».

– Heile dette kapittelet handlar om orden i forsamlinga, leiarskap er ikkje tematikken. Når kvinnene ikkje får lov til å tala, eller lalein, som er ordet som vert brukt, handlar dette om forstyrrande element i gudstenesta. Kvinnene var ikkje vant til å delta i gudstenestelivet. Difor skulle dei ikkje forstyrra med spørsmål, det skulle dei ta heime med mannen, ikkje fordi han var mann, men fordi han hadde opplæring, forklarer Rolf Kjøde.

Slik er det i fleire av dei andre tekstane òg. Tematikken er ein annan enn leiarskapsmodellar. Då vart det både farleg og feil og nytta desse til å setja grenser og tilrådingar for kvinnene si rolle. Dette var også noko av grunnen til at han sjølv skifta syn etter ei lang studiereise på 90-talet.

– Dokumentet skriv at «pastoralbrevene forutsetter tydelig at det er menn som går inn i rollen som tilsynsmenn». Nei, det er ikkje så tydeleg, for då må det også gjelde diakonane. Dei som avgrensar, les ikkje tekstane konsekvent, påstår Rolf Kjøde.

– For meg vart spørsmålet til slutt; enten må eg lese tekstane slik at dei avgrensar langt meir radikalt enn vår tradisjon gjer, eller så må eg forstå tekstane annleis. For meg vart det det siste, for eg meiner at dei avgrensingane me kan lesa, kan forklarast kulturelt og tidsbestemt, seier han og peikar på tittelbruken i Det nye testamentet som eit av argumenta for dette.

– Titlane Bibelen bruker, er henta frå samfunnet og konteksten til den einskilde forsamling. Filippi hadde for eksempel ikkje eldste, der står det om tilsynsmenn. Kvifor? Jo, Filippi var gresk, og for ein forsamling som var utan jødiske røtter, var eldste eit ukjent begrep.

– Eg finn difor ikkje noko bibeltekstleg grunngjeving for at kvinner skal ha ei avgrensa teneste. Eg finn derimot både systematisk tenking og ulike tradisjonar kring embetssyn som argument. Men ut i frå ei lågkyrkjeleg forståing av embetet, er ikkje det eit argument. For oss er det Skrifta som er autoritet, ikkje tradisjonen.

Mann og kvinne.
Han er difor svært glad for at dokumentet, trass i at det set sine avgrensingar, held fram verdien av menn og kvinner som ulike – og behovet for å at begge kjønna har sin funksjon i forsamlinga.

– Det er forskjell på mann og kvinne. Det er essensielt å halda fast ved. Dei er forskjellige heilt frå skapinga av, og dei utfyller kvarandre. Dei bidreg med ulike perspektiv, og det er berikande. Difor treng me både kvinner og menn i den kristne forsamlinga. Etter mitt syn treng me dei på alle plan, men eg er i det minste glad for at ImF ikkje gjer dette til det store testspørsmålet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.